

Voss Fjellandsby och Vertskap
Kvifor fokusere på vertskap?
Sä här säger Jill Garen, VD på skidskolan i Voss Fjellandsby;
Vertskapsrollen er ein av dei viktigaste rollene me har. Både som leiar, medarbeidar og privatperson. Evna til å få andre til å føle seg sett og verdsatt vil også gi oss tilbakemeldingar på korleis andre oppfattar oss. Med positivt forhold til våre medarbeidarar, kollegaer og menneske ellers vil også me få mange positive tilbakemeldingar. Dette fører til personleg trygghet som igjen fører til at ein blir sikrare i det ein gjer.
Har det då blivit någon skillnad efter att alla genomgått kursen?
Ja, det å vere meir oppmerksom på korleis ein er mot andre. Å diskutere det, å bli flinkare å gi positive tilbakemeldingar, å utøve vertskap mot både medarbeidarar, kasseraren i butikken og andre fører enkelt til at ein kvar dag kan bli enno litt betre!
Påverka leiarskapet?
Ja, det vil eg sei. Som leiar har eg alltid vore oppteken av positive tilbakemeldingar, å helse og å få andre til å føle seg sett og venta. Etter inspiratørkurset var det ikkje vanskeleg å gå til resten av leiinga samt Destinasjon Voss og selje idèen til dei. No når så mange av oss har vore borte i Värdskapet vil det gi ein smitte effekt i heile organisasjonen vår, og endå betre; på sikt på heile Voss/ destinasjonen.
Forretningsnytte?
Det er heilt klart ein stor gjensalsfaktor. Å kjenne att våre gjester, og å gi dei oppmerksomhet også når dei ikkje kjøper tenester direkte vil føre til gjensal. At våre gjester kjenner seg unik er ein av verdiane som me jobbar etter. Når dei då opplever at me hugsar dei att vert dei utruleg takknemlige. Våre gjester er jo våre aller beste ambassadørar! Slik som de gjer no... :-)
|